Denne natta har vore eit mareritt.
Med ein gong vi hadde lagt oss hadde Chaos nachspiel.
Så eg stod opp og la meg på sofaen i stova, men vart plutselig lys våken.
Når klokka nærma seg 5 la eg meg inn til Thomas og fikk 10 minutts kos før han måtte stå opp.
Då satte eg meg til og las litt og sovna til slutt ein gong.
Men dette varte ikkje lenge.
For plutselig våkna eg av en lyd som eg endå ikkje har skjønt om den kom fra oven, under, ved sida av eller i samme rom.
(Det spøke her...)
Sovna til slutt igjen etter dette mysteriet, men våkna eit par tima etter av heftig pianospeling fra Chaos.
Sangen er i utgangspunktet ein fin sang.
Og det begynte meget bra, så eg tenkte at dette er egentlig ikkje den verste måten å våkne på, men så begynte helvette.
Og eg skjønna ikkje koffor ein uvøren piano"spelar" vil seg sjøl så vondt i ein offentlig kafe.
Sovna atter ein gong til slutt, men våkna av ein drøm der Thomas hadde møtt på min eks Alexander og bedt han om å flytte inn hos oss.
Dei vart på sekundet bestevenna, og Thomas skifta over natta livsstil og veremåte.
Dei begynte å lage mat sammen (alltid egg) og skylda på seinvakter og overtid, men var egentlig ute og hadde sex.
Med andre jenter altså.
Dette ødela alt for meg og eg ga opp sovinga.
No har eg laga meg kaffi og satt meg godt til rette i sofaen med Menn som hater kvinner.
Burde for øyeblikket vere Kvinner som hater menn.
Når eg har sånne drømma drar eg dei ofte med meg inn i virkligheten eit par tima, og er ofte derfor litt grumpy på Thomas.
Men går vel over til han kjeme heim fra jobb :)
Ellers gleda eg meg til eg blir litt i formen igjen, så eg får vaska her.
Det begynde å sjå litt ufint ut her...