lørdag 1. mai 2010

TiPi & tacås


Har fått rydda huset og kjøpt friske kvite roser.
No skal vi kose oss med Twin Peaks og tacos.
For ein herlig lørdag!

Helligdag


Hadde gleda meg til å tusle rundt i byen i dag.
Småshoppe litt og kanskje finne meg eit bilde etter at eg vart innspirert av kunsten til Kjersti, men så kom eg brått på at det er jo 1.mai og alt er stengt.
Eg merka at eg egentlig ikkje er så gla i sånne helligdagar lenger...
I tillegg har oppknappen på piltastane mine slutta å funke.
Ergo, eg får ikkje skrudd opp lyden på datan min.
No kan eg like godt kaste heile greia, sidan det er musikk eg i hovudsak brukar den til.
Får forresten ikkje lov til å bruke spotifyen til Thomas lenger etter at den nye versjonen kom.
Han fryktar at eg skal skjemme han ut med den dårlige musikksmaken min.
Og eg kan jo til ein viss grad forstå han.
Var ute og feira Roffe i går.
Kjekt.
Var vist full når eg kom heim.
Det hugsar eg ikkje.

mandag 19. april 2010

Blind To You


HAPPY ANNIVERSARY MR BOYFRIEND!!!
Og ein fantastisk dag feira med first price tomatsuppe og kver sin data i kver si stove.
<3

Lovestain


Minner meg om gamle dager på Skei.
Då Esso'n var mitt paradis og Grotta diskotek var mitt alt.
Kjærleiken sat djupt og tårene laust.

søndag 18. april 2010

I wish sunday was a none day

Har tilbringt dagen forann datan.
Sett Sex & singelliv med en frisk bris av skallebank.
Har vore rastlaus/slapp/sur og glad.
Alt på ein gong.
Medan eg vurderte å gå ut i sola/snøen/regnet.
Endte opp med at eg ikkje gjorde noke.
Utenom å klage over at eg var rastlaus/slapp/sur og glad på ein gong.
Unnskyld Thomas!

lørdag 10. april 2010

Vidden


I morgon skal eg gå Vidden.
5-6 timars tur frå Ulrikken til Fløyen.
Usikker på om eg kjem meg heimatt...

lørdag 3. april 2010

Dinosaurane kjem


Ikkje akkurat ei påske å skrive heim om!
Men snart skal eg på Dinosuar Jr.
Jippi!

mandag 22. mars 2010

Thailand


Minner meg om Crowns Hotell i Patong, Thailand.
Der vi låg i trussa og drakk øl og lo oss skvett i hel av alt det morsomme vi opplevde.

Rush


For ein tur!!
Og for ein fantastisk gjeng!!
No venta eg berre på at vugginga skal gå over og at eg skal finne igjen meg sjøl.

fredag 12. mars 2010

Danskebåten


Då tar eg meg ein svipptur til Danmark med jobben.
Gleden ligg vel ikkje heilt under taket for min del.
Men slepp iallefall å gå på jobb i dag og mandag.
JIPPI!

Life is a Flower


Sidan ingen andre kjøper blomster til meg må eg gjere det sjølv.
"Versågod Kari. Ein blome til den vakraste blomen"
"Åh tusen takk Kari. No vart eg så gla at eg ikkje veit heilt kva eg skal sei."

fredag 5. mars 2010

Dagens


Har fått snakka ut det meste av aggresjonen og er klar for helg!

100% usaklig

Denne dagen gjekk fort frå å vere ein fin fredag til å bli en irritert fredag.
Skal vist ikkje vere så enkelt å vere daglig ledar som eg først fekk inntrykk av.
Usaklige avgjørelsa og idiotiske meiningar frå øverste hold får meg rett og slett til å riste av forbannelse.
Og Danmarksturen neste helg kan gå å pisse seg oppetter ryggen.
Den fredagen skal eg vere sjuk!
Skal prøve å roe meg ned litt til Thomas kjem heim, men denne fredagen er ikkje slik som den for 1 time sidan var...

tirsdag 2. mars 2010

Rude Boy


Yndlingssangen as we speak.
Gode minner frå helga.
Før alt dramaet.
Fjårtizzdræma.
Burde egentlig gjere viktige ting i dag, men er ikkje sikker på om eg orkar likevel..

fredag 26. februar 2010

Oppussing

I dag er det den store oppussingsdagen i Fosswinckelsgate.
Skulle egentlig vere den store Karidagen i dag, men sidan kongen er sjuk måtte vi legge det på hylla.
I morgon skal eg i bursdag til Kristina.
Eg e vel sånn ca 10 år eldre enn alle andre, men sidan eg er så kul får eg lov til å komme.
YES!

Gode minner frå Sandå <3

tirsdag 16. februar 2010

Sigur Rós


Gode minner tilbake til Øya, sommar og sol.
"ég gaf ykkur von sem varð að vonbrigðum.. þetta er ágætis byrjun"

lørdag 13. februar 2010

Årets første utepils

Årets første utepils vart tatt i sola på Silver sammen med Thomas og Cesar.
Sweet sunshine!
Snart blir det pizza før eg fyke vidare med champis under armen til jentevors hos Hilde.
Lika da!

onsdag 10. februar 2010

Snart vår


Nok eit eksempel på min dårlige musikksmak.
Men det er noko med den sangen her.
Uhell i musikk, hell i kjærleik, sa brura.
Gledar meg til helg.
Jentekos og tropisk fest.
SNART VÅR!

fredag 5. februar 2010

Kongen


Eg er no den stolte eigar av ei step-maskin.
Levert på døra i morgon.
Bye bye fedme!!!
Dette feirar eg med øl og Bruce Springsteen.

Step-maskin


Har lagt inn bud på step-maskin.
500 kr.
Haha.
Fjolleguri....
Men håpa eg får den då!

onsdag 3. februar 2010

Dexter


Har fri i dag og i morgon, så har satt i gong med Dexter.
Og håpar denne er bedre enn True Blood.
Har berre sett 3 episodar, men den har liksom ikkje fanga meg heilt endå.
Etterpå får eg vel gå å kjøpe meg nokon trusser sidan elektrikaren aldri kjem!!!
Vi har fått satt inn ei reserveløysing til han kjem og skiftar om til automatisk sikringsskåp.
Med andre ord kan ikkje vi bruke straum...
Det vi har no er nemlig frå krigen, og finst ikkje sikringar til.
Ein kompis av papsen sa at sist han hadde sett slike sikringar var i ein bunkers frå krigen.
KJEKT Å VETE!!!

søndag 31. januar 2010

Tomatoes & Smarties


FOR ein sjokolade.
Mm mm mmmmm!
Ser på Stekte Grønne Tomater og venta på ostisen i ovnen.
Fin søndag.

fredag 29. januar 2010

torsdag 28. januar 2010

Slaughterhouse


Mr boyfriend vant billetta til Slaughterhouse på Garage i dag.
Så i kveld blir det hip og øl.
Loves it!

mandag 25. januar 2010

Jepp!

Eg hadde rett.
Det blei for domt...

søndag 24. januar 2010

True Blood


For øyeblikket hekta på True Blood, men ser ikkje vekk frå at det kan ta en Lost-vendig og faktisk bli for domt.
Men foreløbig....loves it!

Saturday Love


Deilig å sove lenge og faktisk få lov til å ligge på sofaen og vere sjuk.
Er ikkje akkurat drømmen å gå på jobb klokka 7 med feber og snørr.

Jokke part 2


-Live Aid-konserten i Tønsberg 1985.
Tor: "Vi skulle spille for 30 000 publikummere. Det kom 50 stykker."
May-Irene: "De måtte sikkert sende regning til Afrika."-

Jokke


Utdrag frå GUTTA, På veien med JOKKE & VALENTINERNE:
-En gang skulle vi kjøre fra vorspiel i min leilighet på Grønland og inn til Sardines. Joachim og jeg satt allerede i bilen og ventet på en vennine av meg som var ny i miljøet og som nok var litt usikker på på alle de bråkjekke rockegutta og ikke minst på selveste Jokke. Joachim fyrte opp en røyk mens vi ventet. Jeg spurte om han gadd å vente litt med røyken. Joachim så rart på meg, hvorfor skulle han det? Jeg forklarte at jenta vi ventet på hadde astma. Joachim himlet med øynene, men sneipet røyken. Jenta kom og satte seg og vi kjørte i taushet mot sentrum, mens Joachim bare skulte på henne. "Jasså, du har astma," sa han til slutt. Jenta så litt usikker på meg. Hvorfor hadde jeg fortalt han det? Men hun svarte at ja, det hadde hun. Jeg bannet innvendig. Hva kom nå? Joachim nikket forståelsesfullt. "Kusina mi har cerebral parese," sa han. "Kjenner du henne?"-
Haha.
Eg ler meg i hel.

fredag 22. januar 2010

Blow


Ein av mine favorittfilmar, med ein av mine favorittsoundtrack.

Fortsatt sjuk, men håpar eg blir frisk til Maffi og Soom T på Verftet i morgon.
Gledar meg til å høyre den nye sangen til Team Joddski i dag.
Go Joddski!

onsdag 20. januar 2010

Bienes Hemmelige Liv


Etter at eg begynte å lese Bienes Hemmelige Liv har eg hatt ein sterk trang til å flytte til South Carolina og bli birøkter.
Og bu i eit rosa hus.
Men eg er redd bier og likar ikkje honning, så eg veit ikkje heilt eg...
Men boka er bra!!
Og det passar meg fint her eg ligg nedsylta på sofaen.

søndag 17. januar 2010

Paradise Hotel


Ny innspeling er i gang.
9.mars skjer det.
Paradise Hotel 2010.
Eg kan nesten ikkje vente!

lørdag 16. januar 2010

Tjukkoladekake

Det er vel på tide å bite i det sure eplet og innsjå at eg faktisk ikkje kan bake.
Der gjekk den husmordraumen i vasken...

Selbuvottar og lørdagskos


I dag fant eg igjen selbuvottane mine som eg har leita etter mens kulda har stått på som verst.
No er det jo reine shortstemperaturen ute, men sjittlagå.
Bedre seint enn aldri.
I går var vi på Aroma og To Glass Vin med Renate, Reidar og Jonas.
Det var vel egentlig ingen av plassane i seg sjølv som frista til gjenntagelse, men koselig var det no fordi.
Ellers gledar eg meg til eg får lønn, då skal eg kjøpe meg eit spann mintgrønn måling.

Sommer kommer, sommer kommer...


Minnar meg om kvite strender, blått hav og bølgeskvulp.
Og eg merkar at eg lengtar litt tilbake til det store utland.
Sjøl om det var veldig friskt og deilig å gå tur med Kristina og Tine i stad.
For ikkje å snakke om kafekos med frøken Rivedal.
Og i morgon skal eg hente pakken frå Hege.
Og snart er det sommar og sol.
Festivalar, øl og kos med mr Koolest <3

lørdag 9. januar 2010

Movie and a Dinner


I <3 Fretex.
Jallfall når eg fant slik ei fin søppelbøtte som eg gjorde i dag.
For ikkje å snakke om den koole rastafari bagen.

Har nettopp sett Tomme Tønner.
Fantastisk film!
Så no feirar vi at eg klarte å holde meg våken gjennom heile filmen med ein god kyllingmiddag.
Mens vi sender varme tankar til papsen som ligg på sjukehuset i Førde med sopp/betendelse på spiserøret.
Stakkars, stakkars papsen min!!!

Kjersti's utfordring

1. Åpne SMS-innboksen på mobiltelefonen din
2. Hold inn "bla-knappen" mens du teller til fem.
3. Den første setningen i den meldinga du stoppet på, skriver du inn som svar på det første spørsmålet.Deretter holder du inn knappen på nytt mens du igjen teller til fem. Den første setningen i denne meldinga skriver du inn på spørsmål nummer to. Sånn gjør du videre på alle andre spørsmålene.
4. Så utfordrer du 6 andre bloggere. (Lag et innlegg på din blogg.)

Hva sier du til sjefen din når du kommer for seint på jobben?
Vi har kjøpt en blomst og potte til bestemora mi i bursdagsgave.

Hva forbinder du med ordet 'husarbeid'?
Hei hei :)

Hva sier du når du er på et offentlig toalett og du oppdager for seint at det er tomt for dopapir?
Yeah :)

Hva sier du hvis du er vitne til at en gammel dame sklir og brekker lårhalsen?
Skal vi sette oss ned på mandag og lage ein treningsplan?

Du tar kjæresten din på fersken med en annen. Hva sier du?
Hehe...ja okey :)

Hva er din beste sjekkereplikk?
:) Kan eg få smake?

Hva svarer du hvis din kjære spør "Vil du gifte deg med meg"?
Jonien kjem kanskje innom ein tur etterpå, so vi sit sikkert i skuret om 10-15 min.

Hva har du å si til ditt forsvar?
Ja bare 8 lange trøtte timer igjen nå.

Dagens Ord


HARABALL
haraball av hare og ball slang: livlig, løssluppen fest

"Der var'e skikkeli' haraball! (fest, liv)"
"de blei jo haraball utover kvell'n da - mye drekking å sånn"

fredag 8. januar 2010

Week Off


Etter jobb gikk eg og Silvia på Barfot og tok oss eit glas fredagsvin i kulden.
Og hei kor det varma!
No har eg og den finaste guten i verda slengt oss på sofaen.
Pizza og Det Store Korslaget.
Heia Joddski og fredag!

torsdag 7. januar 2010

Daddy Cool

Far min er ein kløppar på quiz, og i høst vant han 2 billettar til Bergen Kino.
Desse gav han til oss turtelduene.
*high five, daddy cool*
Så i helga skal vi sjå Tomme Tønner.
Og så satsar vi på at eg ikkje sovnar...

onsdag 6. januar 2010

Walking With A Panther


I dag drog eg med meg Mr Lazyboyfriend og gikk rundt Store Lungen.
Det var som å bli født på ny.

Etterpå lagde vi kakao med krem.
Masse krem.
Så masse krem at kakaoen rant ut av koppen.
Mmmmm....krem.

Adundas


I dag gjekk høgtalarane mine adundas.
Og no er det ein hul lyd, som om musikken kjem frå naboane.
Oh no...
Kunne like godt voldtatt øyrene mine.

Ellers i dag har eg prata med Lasse.
Lasse har flytta til Oslo, og eg lika det ikkje heilt.
Men når sant skal seiast, så er det ikkje så masse eg likar for tida.
Koffor stikke alle til Thailand foreksempel???

mandag 4. januar 2010

Fyrings

JIPPI!!!
Verdens beste paps kom med ved til oss.
Eg er trøtt som ein hest, men no begynder Hotell Cæsar igjen.
JIPPI!!!

søndag 3. januar 2010

Tour de Ski

En ting er iallefall HEILT sikkert...hadde eg vore musikkansvarlig på Tour de Ski hadde eg NEPPE spelt Bonanza og Olsenbanden.

TjueNi


Hadde store planer om å skrive eit heftig innlegg om det gode år 2009.
Men sidan eg verken har bilder eller hugsar noko av det som skjedde i 2009, så blir det neppe så heftig som eg hadde planer om.
Vi flytta i Mars.
Det hugsa eg.
Eller...ikkje sikker på om det var mars.
Men jallfall ein gong av det første halvåret i tjueni.
Årets ferietur gikk til Kongsberg i juli.
Deilig veke med jazz, familiekos og god drikke.
Så var eg ein tur til hovedstaden på Pink konsert i september.
Veit ikkje om det var september, men satsar på det.
Pink er jo ikkje akkurat nombero onos artistos for meg, men kjekt med ein tur til byen.
Og så hørte vi Mr Springsteen når han spelte på Koengen i sommar.
Stas.
Men hadde så klart vore meir stas om vi hadde hatt billet.
2009 går ikkje akkurat i minneboka for livets store konsertår, men føler på meg at 2010 har masse godt å by på.
Var forresten på Bergen Reggaefestival og såg Alborosie og.
Det var det kjekkaste.
Samme helga var vi i bryllup til Gøril og Ronny i Movika.
Første bryllupet eg har vore på i "voksen" alder.
Og eg storkoste meg frå start til slutt.
Ellers har eg reist så ofte som mulig heim til mams og paps på Skei.
For der likar eg meg best.
Dett var vel dett.
Når eg les gjennom det her sitte eg igjen med 2 tankar.
At eg er ekstremt dårlig på tid og stad.
Og at 2009 ikkje akkurat var året å skrive heim om.
Jaja...nytt år, nye muligheiter.

fredag 1. januar 2010

Dagens


Sorry for at eg har fått så dårlig musikksmak Thomas.
Det er berre fordi eg er så forelska i deg.

1.januar


Første dag i tjueti.
Woho!
Hadde tidenes beste nyttårsfeiring i går.
For ein fantastisk gjeng <3
Hadde så klart glømt kameraet.
Trur det skal vere eit av nyttårsforsetta mine.
Flinkare til å ta bilde.
Ja.
Eg går uansett inn i det nye året med verdas beste kjæreste.