søndag 3. januar 2010

TjueNi


Hadde store planer om å skrive eit heftig innlegg om det gode år 2009.
Men sidan eg verken har bilder eller hugsar noko av det som skjedde i 2009, så blir det neppe så heftig som eg hadde planer om.
Vi flytta i Mars.
Det hugsa eg.
Eller...ikkje sikker på om det var mars.
Men jallfall ein gong av det første halvåret i tjueni.
Årets ferietur gikk til Kongsberg i juli.
Deilig veke med jazz, familiekos og god drikke.
Så var eg ein tur til hovedstaden på Pink konsert i september.
Veit ikkje om det var september, men satsar på det.
Pink er jo ikkje akkurat nombero onos artistos for meg, men kjekt med ein tur til byen.
Og så hørte vi Mr Springsteen når han spelte på Koengen i sommar.
Stas.
Men hadde så klart vore meir stas om vi hadde hatt billet.
2009 går ikkje akkurat i minneboka for livets store konsertår, men føler på meg at 2010 har masse godt å by på.
Var forresten på Bergen Reggaefestival og såg Alborosie og.
Det var det kjekkaste.
Samme helga var vi i bryllup til Gøril og Ronny i Movika.
Første bryllupet eg har vore på i "voksen" alder.
Og eg storkoste meg frå start til slutt.
Ellers har eg reist så ofte som mulig heim til mams og paps på Skei.
For der likar eg meg best.
Dett var vel dett.
Når eg les gjennom det her sitte eg igjen med 2 tankar.
At eg er ekstremt dårlig på tid og stad.
Og at 2009 ikkje akkurat var året å skrive heim om.
Jaja...nytt år, nye muligheiter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar